Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Olavs Menn – den syngande livgarde – Konsert i Moster gamle kyrkje

Date

jun 02., 2023

Time

18:00 - 18:45

Olavs Menn – den syngande livgarde

Mostradagane – middelalderhelg startar med konsert i Moster gamle kyrkje!

Olavs Menn er livgarden til Olav Tryggvason, 25 brave menn fra ulike deler av Trøndelag som aller helst likar å bruka stemmebanda framfor spyd og skjold.
Olavs Menn er et prosjektkor som har holdt saman sidan 2008 då karene deltok i framføringa av operaen Thora på den Norske Opera i Oslo. Olav Tryggvason er ein sentral skikkelse i operaen.

Siden har Olavs Menn holde saman, fyrst under musikalsk leiing av Harald Bjørkøy, og nå under Lars Eggen, begge dyktige dirigentar og profesjonelle songarar.

Repertoaret er trygt forankra i klassisk mannskorsong som passar til de fleste anledningar. Olavs Menn har stor spennvidde både i form og innhald, heilt frå mektige verk ført i pennen av Grieg og Bjørnson, til sarte, stemningsfulle balladar. Målet er å formidle gode historiar i ord og tonar.

For å understreke koret sine røtter i historia, ynskjer dei å reisa i Olav Tryggvason sine fotefar. Olavs Menn har sunge i katedralen i Andover i England, der Olav blei døypt, og nå på Moster kor han gjekk i land etter opphald i England. Diverre blei turen til Novgorod i Russland stoppa av pandemi og krig.

 


Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024