Moster iz da thing
Date
Time
Moster iz da thing: 6.-7. Juni 2026
Litleamfiet
Lørdag 6. juni kl 11.30 & 13.30
Søndag 7. juni kl 13.30
Bømlo Teater presenterer: Moster iz da thing!
Ei humoristisk og lærerik familieframsyning – frå 6 år og oppover Varigheit: ca. 30 minutt
Moster iz da thing! er ei engasjerande familieframsyning basert på jubileumsboka til Moster 2024 av Bjørn Sortland. Gjennom humor, spel og forteljing blir publikum tekne med tilbake til Moster for tusen år sidan, då Olav den heilage segla inn og innførte kristenretten.
Framsyninga blir spela i Litleamfiet, ein stemningsfull utearena på sida av Moster Amfi, med innseglinga frå Bømlafjorden og inn mot Mosterhamn som levande bakteppe.
Her møter du mellom anna Siver Skald, Bjørn og Gudny, som tek publikum med inn i historia og gjer fortida levande for både barn og vaksne. Moster iz da thing! er ein del av Mosterdagane 2026, og hadde urpremiere i Litleamfiet under jubileumsveka i 2024.
Velkomen til ei historisk oppleving for heile familien!
