Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

I Slik ei Natt

Date

jun 05., 2026

Time

18:00

I Slik ei Natt: 4.-6 juni 2026

Torsdag 4. juni kl 18

Fredag 5. juni: kl 18

Lørdag 6. juni: kl 15

 

I 2026 markerer I slik ei natt  10-årsjubileum. Stykket, skrive av Svein Tindberg med musikk komponert av Kjetil Bjerkestrand, hadde urpremiere i Moster Amfi i 2016.

 

I slik ei natt  skildrar livet og reisa til Olav Haraldsson før han kom til Moster og innførte kristenretten i 1024. Publikum følgjer det unge kongsemnet, ein etterkomar av Harald Hårfagre, gjennom avgjerande hendingar som formar han frå ein nådelaus viking og drapsmann til den kristne legenda seinare kjend som Olav Digre, Heilag Olav og Rex perpetuus Norvegiae – Noregs evige konge.

 

Handlinga fører oss mellom Moster, England, Frankrike, Cádiz, livet om bord på skipa og kongsgarden i Borg. Eit rikt persongalleri møter oss, og Tindberg flettar på meisterleg vis saman vågal humor med djup grunning over eksistensielle spørsmål om tru, liv og død. Tematikken er like relevant for menneske i dag som for tusen år sidan, anten det handlar om tru eller menneskeverd. Den moderne tilnærminga til mysteriespelet vert forsterka av Bjerkestrand si musikk og det sterke visuelle uttrykket til scenograf og kostymedesignar Gjermund Andresen.

 

På scena i år møter du Jonas Hoff Oftebro, Stig Henrik Hoff og Sigurd Sele i dei leiande rollene, saman med over 60 lokale aktørar.

 


Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024