Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Føredrag med Dag Jørunn Lønning

Date

mar 19., 2024

Time

18:00 - 20:00
Korleis kan me hageeigarar medverka til eit reelt grønt skifte, eit som endrar forholdet vårt til naturen? Korleis kan me utvikla hagen med naturen som samarbeidspartnar? Og kva kan me oppnå om me gjennomfører dette løftet saman?
Det blir eit djupdykk i den levande molda, den alt liv kjem frå og vender tilbake til. Kva gjer den for oss, og korleis kan me byggja opp jordlivet? Det blir og ei innføring i Mor natur sine reparasjonsverktøy, organismane me kallar «ugras» og «skadegjerarar». Kvifor kjem dei? Kva funksjonar har dei? Og korleis kan me unngå at dei kjem?
Dag Jørund Lønning er professor ved Høgskulen for grøn utvikling, og har gitt ut ei rekkje bøker om jord og kompost. No gir han ut boka Jordboka for hagen, og i den anledning er me så heldige å få han på besøk til å halda føredrag for oss. Arrangementet er eit samarbeid mellom Hageselskapet Bømlo, Moster Amfi, og Bømlo Folkebibliotek. Det vert sjølvsagt anledning til å få kjøpt og signert boka der. Velkommen!
Billettar:
Medlem i Hageselskapet Bømlo: 150,-
Ikkje medlem: 200,-
Du tingar billett ved å vippse Hageselskapet Bømlo på #565433. Dersom du ikkje har vipps, sender du ei melding til 995 66 441, og så kan me ta kontantbetaling når de kjem.

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024