Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

FOREDRAG I MOSTER GAMLE KYRKJE: Frå kristenrett i 1024 til Landslov i 1274

Date

jun 03., 2023

Time

15:30 - 16:30
Vi i Moster 2024 inviterer dykk inn i Moster Gamle Kyrkje til eit eksklusivt foredrag med Jørn Øyrehagen Sunde, om lovutviklinga etter kristenretten, som vart vedtatt på Moster i 1024.
Jørn Øyrehagen Sunde, jurist og professor i rettshistorie, er ein aktiv foredragshaldar og samfunnsdebattant. Han har fått fleire prisar for framifrå formidling, og er fagspesialist hos oss i Moster 2024. I Moster Gamle Kyrkje vil han halde eit foredrag med utgangspunkt i Landslova av 1274 som refererer til Olav den heilage, og vise korleis lovgjevingsprosessen på Moster vart inspirasjon for Landslova og Magnus Lagabøte.
Foredraget vil vare rundt ein time.

 

 


Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024