Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Festkonsert med KORK og Ingebjørg Bratland

Date

mai 31., 2024

Time

19:00 - 21:00

 

Festkonsert med KORK og Ingebjørg Bratland

Fredag 31.mai kl. 19.00 blir Moster Amfi fylt med vårt fantastiske kringkastingsorkester i samband med 1000-årsjubileet på Moster. KORK er eit orkester på høgt internasjonalt nivå som speler alt frå det symfoniske til samtidsmusikk, pop, rock, jazz og folkemusikk. Lista over samarbeid med kjende artistar i alle sjangrar er lang, og denne gongen spelar dei med Ingebjørg Bratland – ein folkekjær artist kjend for sin særeigne stemme, unike songteknikk og formidlingsevne. Ingebjørg er nysgjerrig og oppsøkande i sine musikkval, og det er godt synleg i hennar uttrykk. I tillegg til eige materiale, leverar ho vakre tolkingar av andre sine låtar – og når eit stort publikum i alle aldre. Låter som «Jul i Svingen», «Ingen som du», «På avstand», «Fordi eg elskar deg», «Ljos», «Stjernene ft. Lars Vaular», «Vintersong», «Bror», «Di Ingebjørg» med fleir, har ho bore seg inn i den norske folkesjela. I 2023 var ho med i sesong 13 av «Hver gang vi møtes», som blei den mest sette av alle sesongane. Hausten 2023 kom ho også ut med nytt album, «Langt heimafrå», saman med Odd Nordstoga, og gjorde i august tv-konserten «Live i Marka» med KORK for NRK, som resulterte i tre utselde kveldar i Frognerseteren Amfi. No gler vi oss til å sjå dei saman på scenen i vår eiga vakre utearena i Moster Amfi! GENERELL INFO: For meir informasjon om Moster 2024 og arbeidet fram mot Jubileumsveka, sjekk moster2024.no Det er ikkje tillate å ta med mat eller drikke inn i amfiet. Rutinemessig sikkerheitskontroll av vesker og bager kan forekomme. Moster 2024 tar forbehold om endringar i programmet. Kjøpte billettar vil kun refunderast dersom arrangementet i sin heilheit avlysast av andre grunner enn force majeure, og ikkje dersom kun ein av aktørane avlyser sin opptreden. FRI ALDERSGRENSE Barnebillett gjelder opptil 18 år. Konsertstart : 19:00 Dørene åpner : 18:30 Varighet : 60 min Servering : Kiosk Ledsager : Gratis med billett (ledsager betaler kun billettavgift) Adkomst : Bevegelseshemmede : Ja Parkeringsmuligheter : Ja Arrangørens nettside moster2024.no og Artistens nettside Spotify

Billettavgifter:

Pris inkluderer kr 15,00–kr 30,00 avgift

_______

  • Ingebjørg Bratland

    Ingebjørg Bratland

Billettgrense

Det er en billettgrense på 15 billetter per person for dette arrangementet.

Vennligst respekter billettbegrensningen på arrangementet. Personer som overskrider billettbegrensningen kan få noen eller alle sine bestillinger og billetter slettet uten varsel av Ticketmaster etter eget skjønn. Dette inkluderer bestillinger med samme navn, e-post adresse, postadresse, kredittkortnummer eller annen informasjon.

Priser er i NOK


Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024