Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

«Det sårbare livet» – ein musikalsk poetisk konsert som berører

Date

sep 17., 2023

Time

18:00 - 19:15

«Det sårbare livet»

Ein musikalsk poetisk konsert som berører!

Leif Magne Helgesen, Hans-Gunnar Skreslett, Owe Hås

Prest og forfattar Leif Magne Helgesen, saman med musikarane
Hans-Gunnar Skreslett og Owe Håstø, inviterar til ei vandring i det sårbare livet. Me lever i ei verd med store utfordringra. Det nære og det globale hand i hand. Det vonde og det vonde, men også håpet om det gode. Me trur ikkje på det som riv ned. Me trur på livet!

Forestillinga blir ein smak av livet med glimt fra nord og i sør.
Det blir mykje jord, men også himmel.

Saman med musikarane fører presten oss inn i eit landskap me kjenner oss igjen i. Me både får og utfordrast på same tid. Pandemi erstattast av krig. Det er lett å mista motet. Desto viktigare er det at me bygger i lag. Me bygger framtida kvar dag.

«Det sårbare livet» er ein musikalsk poetisk forestilling
Det blir ord og tonar i eit hellig samrøre!

  • Leif Magne Helgesen, song og ord, tekstforfattar
  • Hans-Gunnar Skreslett, tangentar, trompet, komponist
  • Owe Håstø, gitarar og song

Leif Magne Helgesen er ambulerende sjømannsprest i Midtausten, Øst-Europa og deler av Asia. Tidligare har han vore prest på Svalbard, jobba i Kirkens Nødhjelp på Balkan og i Kirkens Bymisjon.

Hans-Gunnar Skreslett kjem frå Korgen i Nordland. Han har jobba i Kulturskulen på Svalbard og på Bømlo. Han har vore produsent for landsdelsmusikarordninga og Rikskonsertane i Troms og for Tromsø symfoniorkester. Nå jobber han i skulen på Bømlo.

Owe Håstø kjem frå Torvastad. Han jobber i kulturskulen på Bømlo. Har medvirka i fleire større musikalar og musiske samanhenger.

 


Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024