Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

25 år – 25 bøker

Date

nov 03., 2022

Time

18:00 - 20:00
25 år – 25 bøker
Velkomen til ein kveld med Atle Hansen.
Atle Hansen vart fødd eit steinkast frå «Gamlakjørkjo» i november 1954, men voks opp to-tre steinkast frå Grindeivågen/Grindheimsvågen. Første gong han song offentleg var i gamle Salem, saman med Arne Aano. Første gong han song til dans var som 14-15 åring i det gamle ungdomshuset på Skimmeland. Etter ungdomsskulen reiste han til Storden for å gå på gymnas, og eitt år seinare flytta heile familien dit.
Sidan den gongen har han vore aktiv som visesongar og visediktar og gitt ut fleire plater.
I 1997 debuterte han som forfattar med barneboka «Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill» og har sidan skrive 17. bøker til for born og ungdom, og sju for vaksne. I år feirar han 25. års jubileum som forfattar og
gir ut si 25. bok, romanen «Arvid, Anna og Aud», ei poetisk og stillferdig forteljing om tre heilt vanlege menneske sine liv, om kjærleik, sjalusi, arbeid og om å bli gammal og ikke lenger vera heilt den du eingong var.
Dei aller fleste av bøkene til Atle Hansen går føre seg i eit landskap som liknar på Sunnhordland, eller også på Moster, utan at det er direkte uttala som oftast. Men i «Sargasso» fortel han om to kjærastar som møtest i Haugesund og flyttar til hennar heimbygd, slik hans eigne foreldre gjorde. Og i «Han som vart att» er så godt som alle stadnamn henta frå øyer og holmer utanfor Grindeivågen og Totlandssjøen. Men folka er oppdikta.
I Moster Amfi vil Atle Hansen både syngja eigne viser og lesa frå bøkene sine, med hovedvekt på dei siste to romanane, og snakka om både bakgrunn for skriving og synging, og kanskje litt om oppveksten sin òg.
Billettar kan kjøpast ved inngang.

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024