Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Frå makt til rett – kven har makt?

I samband med Riksjubileet for innføring av Kristenretten, opna stortingspresident Masud Gharahkhani den nye permanente utstillinga «Frå makt til rett – kven har makt?» i Moster Amfi, laurdag 1. juni 2024

Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter og Moster 2024 gjekk saman om å etablera ei ny permanent utstilling i nybygget til Moster Amfi. Utstillinga med tittelen «Frå makt til rett – kven har makt?» har som mål å teikna eit bilete av korleis verdiar, samfunn, lover og maktstruktur har endra seg gjennom 1000 år.

Korleis har dei svakaste i samfunnet blitt verna? Korleis kunne hekseprosessane skje? Kva hende i overgang frå dansk einevelde til norsk sjølvstende i 1814? Korleis har den raske teknologiske endringa i moderne tid prega samfunnsutviklinga?

Eit mål med utstillinga er å invitera både unge og vaksne til refleksjon og diskusjon om både historia og samtidssamfunnet.

Med verdiane som ligg til grunn for utstillinga, «Fridom» «Rettsvern» og «Likeverd», skal me gjera publikum bevisste på kor viktig det er å ta vare på og verna om verdiar og demokratiske prinsipp som ligg til grunn for samfunnet vårt i dag.

Utstillinga byr også på fleire sjeldsynte skattar frå vår 1000-årige historie.

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024