Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Feira fortid – forma framtid!

Siste veka i mai og starten av juni 2024, feira tusenvis av menneske Kristenretten og nasjonaljubileet, som vart halde i Moster Amfi og Mosterhamn. Ei særs vellukka feiring som utfordra ein til å sjå fram i tid, samt utforska kva ein vil vidareføra og kva samfunn ein ynskjer leggje frå oss.

Det tusen år gamle lovsettet har ikkje gitt oss eit samfunn utan skilnad og liding. Men saman feira me endringane kristenretten førte med seg mot eit meir humant samfunn, der kvart menneske har ein eigen verdi.

Feiringa besto av flotte konsertar i Moster gamle Kyrkje og i Moster Amfi- og Kyrkjehistoriske Senter sitt uteamfi, verdisamtalar rundt omkring i heile området, festkonsertar, jubileumskonsert, økumenisk gudsteneste, danseforestillingar, foredrag, vikinglandsby og mykje, mykje meir.

Det strålande jubileumsveret førte til folkevandring til Mosterhamn under jubileet. Over 20.000 menneske var innom området i dagane jubileet varte.

Moster Amfi- og Kyrkjehistoriske Senter stod sentral i høve dei ulike tilstellingane som konsertar, Mostraspel, jubileumsforestillinga med KORK og Økumenisk gudsteneste som vart sendt direkte på NRK.

Laurdag 1. juni var det festframsyning, der kongehus, statsleiarar, fagfolk og kyrkjeleiarar frå inn- og utland var samla på Moster for å feire saman med oss. Kronprinsparet vart godt tatt i mot i Moster Amfi, saman med Statsminister Jonas Gahr Støre og Stortingspresident Masud Gharahkhani.

Les meir om bakgrunn og jubileet på Moster 2024 sine heimesider og sida som omtalar jubileumsveka: https://moster2024.no/jubileumsveka

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024