Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Bygging av tradisjonell kalkomn i Mostratunet

Mosterhamn var eit av Vestlandet sine viktigaste kalksentra i gamle dagar. Her tok ein ut marmor og brant kalk frå middelalderen til moderne tid. Moster gamle kyrkje, blei i stor grad bygd av dei lokale ressursane. I historiske omgjevnader vart det invitert til kurs i tørrmuring og bygging av tradisjonell kalkomn i vinterferien.

I dag er det eit auka behov for tradisjonskalk til restaurering av gamle steinkyrkjer og eldre murkonstruksjoner. Difor vart det invitert til kurs og bygging av ein vedfyrt kalkomn i Mostratunet, rett ved Moster Amfi og Moster gamle kyrkje. 

Gjennom vinterferieveka vart den sylinderforma omnen bygd av murarar frå heile landet, leia av dyktige kursleiarar. Den ferdige omnen har ein kapasitet på 8 tonn lokal marmor for brenning, med ytre diameter på ca. 3 m og høgde på ca. 2,5 m. Den er bygd i hovudsak som ein tørrmurt konstruksjon, med handstein/murestein fra Sveio og delvis marmor fra Bømlo. Omnen er pussa  med leire innvendig, slik at den kan tåle varmen ved brenning på 900 til 1000 grader. 

Store deler av omnsbygginga vart gjennomført som kurs i tørrmuring, samt steinmuring med leire. Det var tilpassa utøvande murarar som hadde ynskje om å læra meir om tørrmuring, leirmuring og tradisjonell kalkbrenning. Dei dyktige instruktørane var Berit Bruvik, Tore Granmo og Per Storemyr, alle blant landet sine mest aktive innan muring og/eller kalkbrenning.

Dyktige instruktørar, hard jobbing og upåklagelig innsats resulterte i ein ny kalkomn på Moster, snart klar for produksjon av tradisjonskalk!

Tusen takk til alle involverte!

Bent Morten Steinsland

Per Storemyr Archaeology & Conservation

Tore Granmo

Berit Bruvik

Fortidsminneforeningen

Fortidsminneforeningen Hordaland avdeling

Bømlo kommune

Landmark Maskin

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024