Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Barne- og familieminister, Kjersti Toppe, vitja Moster Amfi

Moster Amfi var vertskap, då Barne- og familieminister, Kjersti Toppe, vitja Mosterhamn, den 25. april 2022. Saman med Fortidsminneforeningen sin generalsekretær, Ola Harald Fjeldheim, myndighetskontakt Bo Alexander Granbo og dagleg leiar i avdeling Hordaland, Ida Pettersen, ynskte dagleg leiar i Moster Amfi, Nina Meldahl Olsen, det offisielle besøket velkomen.

Omvisning og informasjon om Moster Gamle Kyrkje, var fyrste post på programmet. Ministeren med fylgje fekk deretter, ei omvisning ved og i Moster Amfi. Fyrste stopp på denne spaserturen, var den nye kalkomnen Mostratunet, der kalbrennargjengen nett var ferdig med fyrste brenning. Turen gjekk så gjennom den spanande Steinutstillinga i gruvegangen, før fylgjet fekk nydelig mat frå vår dyktige kokk, servert i sjølve hjarta i Moster Amfi, Amfikaféen.

Ein begeistra gjeng, forlenga besøket med nærare to timar, og fekk difor med seg utstillinga «Frå Heidendom til kristendom», før ferda gjekk vidare. Den permanente utstillinga i Moster Amfi tok fylgjet vårt tilbake 1000 år i tid, til siste del av vikingtida då det gamle verdsbildet vart utfordra og til slutt overvunne gjennom innføringa av kristendomen i Noreg.

God stemning, gode samtalar, godt innhald og god mat – nett slik eit gjestebod skal vera i Moster Amfi!

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024