Toralv Maurstad og Rune Alver

  • 17:00

Moster Amfi og Bømlo Folkebibliotek byr på forestilling med norsk teater sin nestor, Toralv Maurstad. Forestillinga gir eit innblikk i teaterfamilien og korleis det var å vekse opp med dei berømte skodespelarane Tordis Maurstad og Alfred Maurstad som foreldre. I denne heimen handla alt om teater! Rollene vart innstudert i intenst samspel med skodespelarane sine eigne liv og kjensler. Det var ikkje sjølvsagt at sonen skulle bli skodespelar. Forestillinga handlar om korleis dette skjedde, og om korleis Toralv Maurstad sin eigen skodespelarkarriere utvikla seg. Med ein musikkelskande mor og far som var hardingfele-virtuos, stod musikken alltid sentralt både på scena og i heimen. Pianist Rune Alver står for dei musikalske innslaga.
Arrangørane gler seg til dette flotte, spanande besøket og takkar den kulturelle spaserstokken for støtte!
Billett: 250,-
Billettar: bomlo.net