Jazzkonsert «Bedehus & Hawaii» Trond Kallevåg Hansen

Kategoriar: Uncategorized @nb

Fredag 21.februar kjem eit knippe fantastiske musikarar til Moster Amfi! Blant desse musikarane finn ein spellemannprisvinnar og gitarikon Geir Sundstøl som spelar musikk frå plata Bedehus & Hawaii som er Hubrodebuten til den allerede kritikarroste gitaristen og komponisten Trond Kallevåg Hansen som blant fleire norske og utanlandske anmeldarar vert samanlikna med gitarkaliber som Bill Frisell og Ry Cooder.

Trond Kallevåg Hansen med bømlablod i årane laga eit bestillingsverk for Sildajazz i Haugesund i 2018. Verket fekk namnet «Bedehus og Hawaii». Bedehus og Hawaii refererer til alle somrane Hansen tilbrakte hos besteforeldra sine på Bømlo, kor bedehuset og musikken stod i sentrum. Han går bevisst inn for å bruke dette og andre element fra oppveksten sin som inspirasjon for komposisjonane.

Bedehus & Hawaii har fått strålande kritikkar i inn- og utland. Vårt land skreiv at plata har ein folkelighet ved seg som gjer at ho burde appellere vidare enn til dei engere jazzkretsar. Bandcamp, ei av verdas største aktørar for sal av musikk, kåra nyleg plata til ei av dei 15 beste internasjonale jazzutgivelsane i 2019!

Billettar: https://bomlo.net/

Aldersgrense: 18 år