Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Experiences

Welcome to Moster

At Moster Amfi …
Historiske opplevingar

«Frå heidendom til kristendom»

Den permanente utstillinga i Moster Amfi tar oss med 1000 år tilbake, til siste del av vikingtida då det gamle verdsbildet vart utfordra og til slutt overvunne gjennom innføringa av kristendomen i Noreg. Men korleis var det eigentleg for vikingane å gå frå fleire gudar til ein? Og korleis endra kvardagen seg? La guidane våre ta deg med inn i eit spennande, historisk rom – der denne turbulente tida i vår felles historie blir levande.

Førespurnad på oppleving
Hugs å skrive inn namn, telefonnummer og/eller e-postadresse slik at me kan få tak i deg om din førespurnad.

Noregs eldste kyrkje

I Moster gamle kyrkje ligg historia i tjukke lag i veggane. Det enkle kyrkjebygget er eitt av dei eldste i landet, og fangar deg med ein heilt særeigen atmosfære. Så snart guiden opnar den gamle og vêrslitne døra, blir du teken tilbake til ei tid der klasseskilje, kjønnsroller, overtru og overmakt var heilt annleis enn i dag.

Førespurnad på oppleving
Hugs å skrive inn namn, telefonnummer og/eller e-postadresse slik at me kan få tak i deg om din førespurnad.

Geopark Sunnhordland

Visste du at det eldste mineralet som er oppdaga i Noreg er eit 3,9 milliardar år gammalt zirkon funne på Bømlo? Eller at utvinninga av bergartar og metall gjennom 10.000 år gjer Bømlo til Noregs største leverandør av ulike steinmateriale gjennom tidene? Moster Amfi er hovudportalen til Geopark Sunnhordland, og i vår eigen gruvetunnel gir guiden deg eit spanande innblikk i geologien og bergverksdrifta på Bømlo frå steinalderen og fram til moderne tid.

Førespurnad på oppleving
Hugs å skrive inn namn, telefonnummer og/eller e-postadresse slik at me kan få tak i deg om din førespurnad.

Mostraparken

Går du den korte turen opp til steinkrossen på Vetahaugen, ventar ei mektig oppleving deg. Ikkje berre er krossen i seg sjølv imponerande, her oppe kan du også skoda ut over hav og landskap, kyrkja, minnestøttene, statuen av Tora Mostrastong og kongesteinen. Kan du sjå for deg vikingskipa koma seglande inn fjorden for 1000 år sidan?

Førespurnad på oppleving
Hugs å skrive inn namn, telefonnummer og/eller e-postadresse slik at me kan få tak i deg om din førespurnad.
For grupper

For grupper (min. 15 personar)

Guida omvising og lunsj

Velkommen til ei vandring med guiden vår i Moster Amfi, med påfølgande bordsete der me serverer vår vidgjetne, heimelaga «Tora si kjærleikssuppe». Urtesmøret vårt med ramslauk frå Vetahaugen sett ein ekstra spiss på heile opplevinga.

 

Førespurnad på aktivitet
Hugs å skrive inn namn, telefonnummer og/eller e-postadresse slik at me kan få tak i deg om din førespurnad.

Dagsturar – «Driftige folk i vakker natur»

Etter omvising og lunsj i Moster Amfi, tek guiden dykk med på ei rundreise på den vakre øya vår.

Førespurnad på aktivitet
Hugs å skrive inn namn, telefonnummer og/eller e-postadresse slik at me kan få tak i deg om din førespurnad.
For barnehagar/skule

Moster Amfi – eit unikt klasserom

Med ulike tema som utgangspunkt, legg me gjerne til rette spennande undervisnings- og aktivitetstilbod for barn og unge. Her kan både barnehagar og skular få guida omvising og arbeidsøkt i sjølve amfiet, eller bli med på guida vandringar og andre aktivitetar i nærområdet. Me skreddarsyr opplegget til kvar enkelt målgruppe.

Tema:

  • Gruvevandring og steinsliping
  • Kvardagsliv i vikingtida
  • Tradisjonar og skikkar i Moster gamle kyrkje
  • Frå norrøn til kristen tid
  • Forteljarstund
Førespurnad på aktivitet
Hugs å skrive inn namn, telefonnummer og/eller e-postadresse slik at me kan få tak i deg om din førespurnad.

Meny

Nasjonaljubileum på Moster 1024-2024

Generell førespurnad

Hugs å skrive inn namn, telefonnummer og/eller e-postadresse slik at me kan få tak i deg om din førespurnad.