Workshop Commedia dell’Arte

  • 19:00

Saman med teatergruppa Mondonovo fra Venezia inviterer me kvelden før framsyninga av Un elisir d’Amore til gratis workshop sentrert rundt den italienske kunstformen Commedia dell’Arte, med masker, pantomime, dans, song og improvisasjon.

Alle som er interesserte kan være med og skape opplevinga saman, forkunnskapar er ikkje nødvendig. På workshopen vil Mondonovo demonstrera og formidla den historiske påverknaden som Comedia dell’Arte har hatt på den europeiske kulturen, frå Shakespeare til Dario Fo, som fortsatt er levande og aktuell og tilpassar seg moderne kunstuttrykk.

Dei vil og visa korleis teater som kunstform er ein viktig del av samfunnet og eit naturleg instinkt hos menneske, forståeleg på tvers av språk og landegrenser.

Velkommen til to lærerike og underhaldande timar med Mondonovo!