Violet Green

  • 19:00

«A tribute to women pioneers in blues, jazz and rock’n roll» er ei musikalsk framsyning som vil løfta fram kvinnelige artistar og deira livsverk i blues- og rockhistorien. I den amerikanske vaudeville-æraen i 1900-1930-åra dominerte svarte kvinner musikkscenen med stjerner som Mahalia Jackson og Memphis Minnie, og historien fortset med stjerner som Janis Joplin, Aretha Franklin og Tina Turner.

Kvinnene har vore forbilde for frigjering både musikalsk og menneskeleg, og det finst eit underliggjande positivt bodskap om sjølvstendigheit, lengt etter fridom og å bli elska som ein er.

Med anekdoter og dramatisering av historien er dette ei framsyning som både underheld og sprer kunnskap, og passar både for eit yngre og eldre publikum.