Vamp

  • 19:00

vamp-pressebilde_2016 (2)Vamp og sommerturnè heng saman og i år er ikkje noko unntak!

Vampkatalogen er stor og innhaldsrik og har massevis av songar som passar ypperleg for denne årstida. I alt skal det spelast rundt 40 konsertar, for det meste utekonsertar, frå slutten av mai til månadskiftet august/september.

Det blir konsertar i bygd og by, i naturvakre omgivelsar og i meir urbane strøk. Publikum vil møta Vamp i hagen til historiske hotell, i bakhagar og i parkar, på fjellet og i havgapet, på øyar og i dalsøkk – og på festivaler.

Og me er glad for at dei tar turen innom Moster Amfi!

Vamp guttar på tur:

Øyvind Staveland: fele, fløyter, vokal, bratsj, trekkspel
Jan Toft: vokal, gitar
Odin Staveland: trommer, vokal, piano, perkusjon, trekkspel
Bjørn Berge: gitarer, banjo, vokal
Kjetil Dalland: bass, kor
Lars-Erik Støle: orgel, trekkspel, kor

Billettar på www.bomlo.net