Utstilling Bømlo kulturskule

  • 12:00

Kulturskuledagane 2018

Kunstlinja ved Bømlo kulturskule har flest skuleborn, men og vaksne elevar som har tilrettelagt tilbod. Elevane får undervisning i ulike teknikkar som teikning og maling, fargelære, vev, grafikk, trykk og maling på tekstil og 3-dimensjonal forming med leire, gips og papirmasse.

Læraren ved visuell kunstlinje er Ruth Mallinson. Ho fortel at ein del elevarbeid har gått over fleire veker – meir som prosess- eller prosjektarbeid.

Velkommen til elevutstilling!

Offisiell opning: Laurdag 3. februar kl. 12.00
Opnar: Vanja Espeland
Musikkinnslag: Bømlo kulturskule