Utstilling 19.05-17.06

  • 12:00

Kjeld Stub / Alexander Stub

Kjeld Stub frå Bergen er ein av nestorane innan norsk kunst, og hans abstraherte linoleumstrykk og maleri har begeistra eit breidt publikum i ei årrekke. Han har i fleire år markert seg som landskapskunstnar med solid forankring i den norske fjellheimen. Hans tolkningar av nokon av naturens dramatiske sider karakteriserast av kunstnarens eige fargerike temperament og engasjement, slik at dei sterkt stiliserte motiva framstår meir som ekspressive uttrykk enn tradisjonelle landskap.

Stub er utdanna ved Bergen Kunsthåndverkskole, Kunsthøyskulen i Warszawa og Trinity Collage of Art i London. Stub har vore ein flittig utstillar i inn- og utland.

Alexander Stub lagar abstrakte bilete inspirert av den ville og majestetiske naturen. Hans kunst karakteriseres ved sterk bruk av fargar og kontrastar. Her kan alle finna sin farge og stemning. Bileta er stilsikre og gnistrar og lyser i klare kontrastar mellom rødt, gult, blått og andre klare fargar. Teknikken som Alexander Stub brukar er linoleumstrykk, ein teknikk som ikkje er så mykje i bruk lenger. Han har separatutstillingar over heile landet.

Det er kunstneriske utvekslingar mellom far og son. Begge fangar opp lyset og formene i naturen og gir det eit abstrakt og naturalistisk uttrykk.

Offisiell opning: Lørdag 19. mai kl. 12.00
Opnar: Kikki Haldorsen
Musikalsk innslag: Tove M. Øglend

Velkommen!