Juleutstilling 11.11 – 17.12 Hobbyfotografar frå Moster

Foto: Liv Sivertsen Østensen

Seks hobbyfotografar frå Moster er våre juleutstillarar i år:

Ingrid Hopsdal, Øystein Gjerde, Liv Sivertsen Østensen, Per Harald Gjerde, Beate Pedersen, Jone Røksund

Ingrid Hopsdal: Om meg, tja kva skal eg sei? Eg byrja for alvor med foto då eg vart uføretrygda, men hadde dreve ein del med bilde før det og. Interessa kom med mitt første digitalkamera i 2003/-04 og i tillegg er eg glad i data. Fint å kunna kombinera dei to hobbyene.

Øystein Gjerde: Eg er ein 47 år gammel hobbyfotograf som starta med å ta bilder i 2009. Mesteparten av bildene mine er undervannsbilder som eg har tatt på ulike dykketurer på Bømlo. Bømlo har ein flott natur både over og under vann, og det kjem folk frå heile landet for å oppleva denne perla som Bømlo er.

Liv Sivertsen Østensen: Eg er født på Moster, bur på Innvær og har hatt interesse for å fange øyeblikk med foto i ca. sju år.

Per Harald Gjerde: Eg er 50 år, gift, far til fire og mostring, oppvaksen på Naustbakken. Har budd mesteparten av mitt vaksne liv i Haram kommune på Sunnmøre. Flytta «heim» i 2011 og er no lærar på Hillestveit skule. Hobbyar: Foto, musikk, stein og mineral.

Beate Pedersen: Eg er 53 år og har alltid likt meg bak kamera. Dei siste siste fire, fem åra har denne interessa auka og eg er svært glad i natur og sjømotiv.

Jone Røksund: Eg er 43 år og er lærar ved Hillestveit skule. Likar å fotografere og gå tur i skog og mark. Deltar i mi første fotoutstilling.

Offisiell opning: 11. november kl. 12.00
Opnar: Lene Løtvedt
Musikalsk innslag: Per Harald Gjerde / Bjørn Ingvaldsen