Utstilling 07.04-13.05

  • 12:00

Åse Hauge hadde ikkje teke i ein pensel då ho fekk måleutstyr i julegåve for nokre år sidan, men penselen beit seg fast og sidan har dei to halde saman. Bileta til Åse er ofte store i format, og nonfigurative. Ho seier at det er humøret og fargane på paletten som avgjer korleis motivet vert.

Åse bur på Salhus, men målar mykje på hytta si på Blåsterneset i Austevoll. I fredelege omgjevnadar er dette eit ypparleg atelier. Ho har hatt fleire utstillingar dei siste åra, mellom anna i Modalen og dei to siste åra har ho delteke på hautstillinga i Åsane.

Kristin Høyland tok formingslinja på Sagvoll Folkehøyskole i 1992 og tok deretter sjukepleiarutdanning. Draumen om å jobba med leire var der heile tida og for nokre år sidan tok ho eit grunnkurs i keramikk på Gamle Slakthuset i Haugesund og eit år på Karmlund Mølle for å læra og beherska dreiekunsten. Keramikkverkstad hadde ho på loftet heime. Ei utstilling på Espevær i 2016 vart godt motteken både av Espeværingane og turistar. I 2017 flytta ho med familien til Espevær, og keramikken har blitt heiltidsarbeid. Ho har faste leveringar til Galleri Purenkel på Grunerløkka i Oslo, Galleri Knapphuset i Haugesund og Haaheim Gaard på Tysnes.

Utstillingsopning: Lørdag 7. april kl. 12.00
Opnar: Gitte Talmo
Musikalsk innslag: Emilie Solstrand/Hannah Notland