Un Elisir d`Amore – Mondonovo Cultura

  • 20:00

IMG_4257

I sommar kan du oppleva ekte italiensk teater i Moster Amfi med alt som høyrer med; dramatikk, romantikk og humor, flotte kostymer og fin musikk!

Italia er kjend for flotte amfiteater og teatersjangeren Commedia dell`Arte har lange tradisjonar. Denne teaterframsyninga er eit resultat av kulturutveksling mellom Moster Amfi og Mondonovo Cultura i Venezia.

Teaterstykket Un Elisir d`Amore er fritt basert på operaen ved same namn. Stykket handlar om bonden Nemorino som er stormforelska i den vakre Adina. Han har imidlertid store problem med å utrykka kjenslene sine, men etter å ha kjøpt ein kjærleikseleksir av sjarlatanen Dulcemara, endrar dette seg. Men først må rivalen, Capitan Tredenti overvinnast, hvis han skal vinna hjarta til sin kjære!

I denne versjonen fins element frå begge dei to italienske berømte kunstformene opera og Commedia dell’Arte og skodespelarane brukar autentiske historiske lærmasker og kostymer inspirert av dei tradisjonelle omreisande komikarane og deira handtverk.

Billettar på www.bomlo.net