Toratreffet 2018

  • 1400

 

Toratreffet 2018Seminar og tildeling av Tora Mostrastongprisen

Hilde Reikrås vert tildelt prisen for sitt arbeid med etterforskinga som har fått namnet «DARK ROOM». Der har ho både avdekka og avverga seksuelle overgrep mot barn og unge.

Kl. 1400-1700 Toratreffet med prisutdeling, foredrag og lunsj, samt samling der Halvor Folgerø leiar den interessanne samtalen, der bl.a. Hanne Sophie Greve, første mottakar av Tora Mostrastongprisen, deltek.

 

Billettar på www.bomlo.net    NB. Kun 60 plassar. 

—————————–

Grunngjeving for tildelinga av prisen til Hilde Reikrås:
• Gjennom sitt arbeid i Bergenspolitiet har ho stått sentralt i den største overgrepsssaka i Norge. I lang tid har ho leia etterforskinga av pedofile nettverk som har fått namnet «Operasjon Dark room»

• Etterforskinga har både avverga og avdekka seksuelle overgrep mot barn og unge og skapt stort fokus i media og i det offentlege rom.

• Hilde Reikrås er ei eldsjel som brenn for dei svakaste, tar dei på alvor og viser handlekraft. Ho har og avdekka at overgrep skjer i alle samfunnslag her i Norge med forgreiningar til utlandet.
Hilde Reikrås jobbar i politiet i Bergen.

Gjennom fleire år har ho arbeid med å avdekka nettverk som systematisk organiserer og distribuerer overgrep av barn på nettet. Ho såg snart at dette var eit langt større problem enn dei fleste kunne forestilla seg. Gjennom arbeidet sitt har ho synt både mot, viljestyrke og fagleg kompetanse. Innsatsen hennar har ført til at mange saker har blitt rulla opp og planlagde overgrep har vorte avverga.

Ho har tidlegare mottatt fleire prisar. Ho vart også kåra til Årets HORDALENDING i 2017.

Foreininga Tora Mostrastong er svært glad for kunna tildela Torastatuetten 2018 til Hilde Reikrås.

Meir info finn du på www.toramostrastong.no