Sommarutstilling 23.06-19.08

  • 12:00

Ellen Hegg

Ellen Hegg er fødd og oppvaksen på Agdenes i Trøndelag, men har frå 1995 vore busett delvis i Spania, og delvis i Norge. Ho har delteke ved fleire kollektivutstillingar og hatt mange separatutstillingar i inn- og utland. Arbeida hennar er innkjøpt av både bedrifter og private.

Ellen har valgt å gå ulike kunstskular med varierte uttrykksformer, tilsaman 11 år. Ho har arrangert kurs og maleturar for kunstinteresserte i mange år, og underviser for maleklubbar, institusjonar, bedrifter og private både i Spania og i Norge. Ellen har eige atelier i Surnadalsøra, der ho arrangerer «Kreativ uke» og ho arrangerer og gruppeturar til Spania for dei som ynskjer å kombinere undervising og ferie.

Ellen Hegg deltok i konkurranse i London i 1998 og vart premiert der. I 2008 var ho årets kunstnar for SOS Barnebyer og i oktober 2016 vart eit av bileta hennar stilt ut i Louvre i Paris. I mars 2017 stillte ho ut ved International Biennale of Art på Sicilia, ho mottok pris for sine Kaffe & Tusj teikningar i Milano i juli 2017 og deltok på utstilling i New York i april i år, der ho og vart premiert.

Offisiell opning: Lørdag 23. juni kl. 12.00
Opnar: Gunnar Flatebø
Musikkinnslag: Arne Kvarven 

Velkommen til Sommarutstilling!