Open dag m/pilegrimsvandring

  • 12:30

Pilegrimer ved kyrkja - Sissel JensethStart: Kl. 1230 v/Moster Helseklinikk
Moster Helseklinikk – Televik – Moster gamle kyrkje

I middelalderen la pilegrimar ut på reiser med åndeleg innhald mot eit heilag mål, ofte for å gjera bot for ugjerningar eller for å bli friske. Moderne pilegrimar søkjer gjerne andre verdiar; ro, tid og rom for ettertanke, nye impulsar og auka livskvalitet! Vær ein moderne pilegrim og bli med oss på vandring!

Turen startar ved Moster Helseklinikk og går turstien via Televik til Moster gamle kyrkje der det blir middagsbøn.

I Moster Amfi er det Open dag. Her kan du vitja den religionshistoriske utstillinga «Frå Heidendom til kristendom» og bergverksutstillinga «Steinriket Bømlo», eller berre unna deg ei stille stund med lystenning i Amfisalen.

I Amfikafèen serverer me vårt gode vikingsodd, kaffi og vaflar.

Velkommen!