Nordvegen: Moster

  • 18:00

Musikalsk seilas fra saga til samtid.

Til fjorårets festspill komponerte Einar Selvik og Ivar Bjørnson eit verk med røter solid planta i vår norrøne fortid. No held dei prisløna musikarane fram ferda langs Nordvegen, skipsleia som er opphavet til namnet Norge.

I stemningsfulle, intime konsertar på vestlandsstader med lang historie og sterk tilknyting til havet, fortel musikken om tusenårgamle tradisjonar og tanker som og har sterk klangbotn hos menneske i dag.

Vokalist og komponist Eivør frå Færøyane, kjent for si sterke og samstundes skjøre stemme, er med på reisa. Med bakgrunn i den musikalske arven frå heimøya, har ho skapt sin eigen sjanger der element frå mange musikalske leirar har sin naturlege plass – slik som dei og har i lydbiletet til komponistduoen Selvik/Bjørnson.

Med Eivør sin musikk drar Nordvegen lengre vestover, og tar og nokon avstikkarar innom det utvida repertoaret til Einar Selvik og Ivar Bjørnson. Låtar fra deira respektive band, Wardruna og Enslaved, og andre komposisjonar dei har laga saman vert gjenskapte i Nordvegen sin karakteristiske klang, der gamle og nye tonar og instrument spelar saman. Saman blir det ei makalaus og melodiøs historieforteljing som peikar på kven me er og kvar me kjem frå.

«En liten genistrek av fortid og nåtid i skjønn forening»
– BERGENS TIDENDE

Andre arrangement i tilknyting til Nordvegen-konsertene blir annonsert senere.

Einar Selvik sang, kraviklyre og diverse historiske instrument
Ivar Bjørnson gitarar, effektar og song
Iver Sandøy trommer, perkusjon og song
Silje Solberg hardingfele, song
Stein David Baastad lyd

Eivør Pálsdóttir song
Høgni Lisberg perkusjon
Mikael Blak bass
Hallur Jonson lyd

Billettar: www.bomlo.net

Eit samarbeid med Agderforskning, Bekkjarvik Eiendom AS, Bekkjarvik Gjestgiveri, Hotel Ullensvang, Lysverket, Moster Amfi, Oseana Kunst- og Kultursenter og Solstrand Hotel & Bad, støtta av RFF Vestlandet. Støtta av Hordaland fylkeskommune