Nordic Tenors

  • 20:00

Nordic Tenors - Con Amore

Nordic Tenors gav publikum ein glitrande konsert her sommaren 2015 og me gler oss til å ynskja dei velkommen tilbake i august. Gruppa kombinerer utsøkt kunstnerisk kvalitet med humor, dans og musikalske overraskingar.

Nordic Tenors består av tenorane Sveinung Hølmebakk, Jan-Tore Saltnes og Roald Haarr.
I 2005 hadde dei première på sitt første show Bella Notte, og året etter fikk dei Komiprisen som «Årets nykommar». Etter dette har dei blant mykje anna vore kongelige toastmastere for HMK Harald og vore med på opninga av den nye operaen i Bjørvika.

Nordic Tenors hadde i 2009 premiere på Nytt Show i Bergen og i 2010 vart dei nominerte til Komiprisen for «Årets nummer». To år seinare kom forestillinga An Evening with Nordic Tenors og sommaren 2016 hadde den fjerde forestillinga Nordic Tenors – Con Amore premiere på Klubben i Tønsberg.

Gruppa er og kjent for sine vakre julekonsertar, og reiser i førjulstida kvart år rundt i heile landet med humor, varme og høgtid med Christmas with Nordic Tenors. Dei har og gitt ut ei rekke CD-ar.

 

Billettar på www.bomlo.net