Mostraspelet

  • 18:00

Mostraspelet I slik ei natt

Fredag 27.05 har Bømlo Teater urpremiere på det nye Mostraspelet,      ”I slik ei natt”, av Svein Tindberg. Stykket handlar om vikingkongen og legenda Olav Haraldsson, både før, medan og etter at han presenterte Kristenretten på Mostratinget i 1024.

Me følgjer det unge kongsemnet gjennom opplevingane som endrar han frå ein nådelaus viking og drapsmann til den kristne legenda, seinare kjent som Heilag Olav. Me møter eit rikt persongalleri, og Tindberg har på meisterleg vis fletta vågal humor saman med grunning over eksistensielle spørsmål om tru, liv og død.

Regien er ved Ivar Emil Tindberg. På og bak scena står som vanleg Bømlo Teater sine eigne skodespelarar, styrka av nokre profesjonelle aktørar som blant anna Svein Tindberg, Rolf Kristian Larsen og Anderz Eide.