Moster 2024

  • 13:30

Tema: Olav den heilage som lovgjevar

Bill.pris: 200,–

Billettar: bomlo.net

I Landslova av 1274 vert det vist til Heilage Olavs lover som sjølve grunnlaget for norsk rett som Magnus Lagabøter bygde vidare på.

Snorre Sturlason skriv i Olav den Heilages saga om det som i ettertid har vorte kjent som kristenretten på Moster frå 1024. Den var ei samling reglar for korleis ein kristen skulle leva, og korleis eit kristen samfunn skulle organiserast, som innleiar Den eldre Gulatingslova.

Men det kan sjå ut som om Snorre meiner kristenretten bare var ein del av eit større lovarbeid. Kan det vera at Snorre har rett, og at Heilage Olavs lover var meir omfattande enn vi lenge har trudd?

Hadde Magnus Lagabøter rett i at hans bygde vidare på ein lovgjevingstradisjon som vart etablert alt med helgenkongen?

Professor ved Det juridiske fakultetet, UiB, Jørn Øyrehagen Sunde, tek oss med inn i temaet.

Det vert kulturinnslag av vokalgruppa KLING.