Kystsogeveke-utstilling

  • 12:00

Brian Wallace er Haugesundskunstnaren frå Boston i USA, som flytta til Norge i 1992. I Haugesund har han sitt eige galleri, der han og arrangerer malekurs. Brian Wallace er utdanna ved «The Art Institute of Boston». Han er kjent for sine fargesterke maleri av kystlandskap, sjøhus og bymiljø, men malar og abstrakt. Brian Wallace malar og på bestilling til både private og næringsliv.

Brian Wallace er ein anerkjent kunstnar som deltek både som festivalkunstnar og har ofte utstillingar i regionen.

Offisiell opning: Lørdag 1. september kl. 12.00
Opnar: Kjell Magnus Økland
Musikkinnslag: Heidi Vespestad Halleraker & Sverre Leon Larsen