Ketil Bjørnstad

  • 17:00

KETIL

Ketil Bjørnstad – pianisten, komponisten og forfattaren innan mange sjangre er tilbake i Amfisalen. Alt som 16 åring debuterte han som konsertpianist med Bela Bartoks tredje klaverkonsert. Seinare har han bevega seg mot jazz og rock. Sin litterære debut fekk  han i 1972 med diktsamlinga «Alene ut», og seinare har han skrive romanar, skodespel og debattbøker, samt fleire dokumentar-romanar.

Ketil Bjørnstad har spelt inn meir enn 50 plater, og gitt ut om lag 30 bøker. Mest berømt er han for verket «Leve Patagonia» frå 1978, der både Cornelis Vreswijk og Lill Lindfors medverka. Derifrå kjem og hans mest kjende song, «Sommarnatt ved fjorden».

Velkommen til intimkonsert!

Billettar på www.bomlo.net