Isabel Espelid Øystein Skullerud

  • 17:00

«Grieg Romanser»

Isabel Espelid tok sin bachelor i klassisk song på Griegakademiet i Bergen, og fullførte sin mastergrad i København på Det Kongelige Danske musikkonservatorium. Ho deltok i 2007 i «Bergens Tidenes» ønskekonsert, og mottok saman med studentane ved Griegakademiet «Årets talentpris».

I 2008 song ho for Dronning Sonja ved opninga av Picasso Galleriet i Bergen. Sidan har ho vore solist i samarbeid med ei rekkje profesjonelle ensemble som Storstrøms Kammerensemble i Danmark, Bergen Filharmoniske Orkester, Divisjonsmusikken og De Unges Symfoni. Ho har og deltatt på ei rekkje festivalar som Fartein Valen Festivalen i Haugesund, Oslo operafestival, Festspillene i Bergen og ved Accademia Filharmonica Romana i Italia.

Øystein Skullerud tok privatundervisning i klaverspel hos Eva Sandvik Stugu i åtte år, og  har master i kyrkjemusikk frå NMH i 2010. Frå 2011 har han vore kantor i Bømlo kyrkjelege fellesråd. Øystein Skullerud har allsidig erfaring som akkompagnør på piano og orgel for ulike solistar i mange samanhengar.

Velkommen til konsert i Amfisalen!

Billettar på www.bomlo.net