«Einsamflygar» – Amund Enger

  • 17:00

«Einsamflygar» – Halldis Moren Vesaas sine dikt får tonefylgje av komponisten og songaren Amund Enger.

Amund Enger: komponist, gitarer, vokal
Helge Lilletvedt: tangentar
Calle Apeland: bass, vokal

Amund Enger sitt første møte med Halldis Moren Vesaas fann stad ein vakker sommardag 1975, då han vitja henne heime på garden i Vinje i Telemark. Den unge Enger hadde laga melodi til teksten hennar, og framførte «Voggesong for ein bytting». Ved eit seinare møte, måtte han lova å gjera noko med «Byttingen», men det skulle gå førti år før Amund Enger gjekk inn i Halldis Moren Vesaas sitt fantastiske univers. Han ville halda løftet han hadde gitt henne.

Amund Enger er Oslogut med familierøter frå Telemark, Rogaland og Sogn og fjordane (Nordfjord). Dermed var det ikkje til å unngå at han tidlig fekk planta eit solid forhold til dialektar og «Nynorsk-land». Med far som komponist/organist og humorist «datt han i gryta» og vart sjølv oppslukt av det musikalske uttrykket. Han har vore aktiv som utøvar og plateartist sidan 1980.

Amund Enger er nok mest kjent for å ha laga melodien til julesongen «Himmel på jord», men har og levert songar til artistar som Elisabeth Andreassen, Wenche Myhre, Lava, TNT, Kurt Nilsen, Maria Arredondo, Tommy Kørberg (SE) og Sanna Nielsen(SE) m.fl. Fra 1985 – 1993 var Amund musikalartist med betydelige roller i Les Miserables, Sommer i Tyrol, Grease m.fl. Amund deltok og fleire gonger som komponist/artist i MGP, bl.a. 1985 og i 1987 («I samme båt» – artist Sigvart Dagsland). Amund sin siste CD kom i 2010 og i oktober kjem hans musikalske tolkingar av utvalgte dikt av Halldis Moren Vesaas på plate.

Carl Øyvind Apeland er bassist, komponist og produsent. For tida er han medlem i Blest, saman med Paul Hansen og Torbjørn Økland,  som kom med sitt debutalbum mars 2017 og Rôk, eit bandprosjekt med Brynjar Stautland, Jan Ove Morlandstø og Kurt Lisø. Calle Apeland var medlem i Vamp i perioden 1991 – 2014. Saman med Vamp vann han spelemanns-prisen heile 4 ganger av dei 9 studioalbuma han deltok på og vart Årets spelemann i 2006.

Helge Lilletvedt er fra Bergen og har utdanning fra Bergen Musikkonservatorium. Han er mest kjent for sitt samarbeid med Herborg Kråkevik, men har og turnert i Norge og Danmark med bl.a. Vamp, Sigvart Dagsland /Karoline Krüger og Anne Dorte Michelsen.
Sidan 1980-talet har han jobba ved Den Nationale Scene som kapellmester, komponist og arrangør. Han har og medverka som musikar på ei lang rekke plateinnspelingar og skreve strykearrangement for TrondheimSolistene.

Velkommen til ei fin konsertoppleving!

Billettar på www.bomlo.net