Steinseminar: Geopark Sunnhordland (reiseliv og næringsliv)

  • 10:30

Tenk at me bur i ein Geopark!

Dette er eit tilbod til næringslivs- og reiselivsaktørar i regionen.

Kva er Geopark Sunnhordland? Kva betyr denne statusen for oss?

Geologar frå universitet i Bergen skal gje oss spanande historier og små drypp om kva som finst av fascinerande stader i Sunnhordland.

Sjølv om dette er mykje geologi, handlar dette først og fremst om historien om oss, om korleis menneske og industrien opp gjennom tidene har gjort seg nytte av landskapet og det som geologien har å by på i vår region.

Påmelding gjennom epost til post@mosteramfi.no