Evita

  • 22:00

 

Bømlo Teater er stolte over å presentera Evita som neste stormusikal!

For fyrste gong blir Evita sett opp i fullversjon på ei utescene i Norge. Evita er skriven av Andrew Lloyd Webber og Tim Rice og går inn i rekkja av verdskjende musikalar som Bømlo Teater har gjort så langt: Jesus Christ Superstar, Les Misérables, Chess, Miss Saigon og West Side Story, sistnemde i 2014.

Musikalen skildrar livet til fattigjenta som enda opp som ikonet Evita. Maria Eva Duarte er betre kjent som Eva Perón og er sjølv i dag, 65 år etter sin død, hylla som ein helgen i heimlandet Argentina. Som 27-åring gifta ho seg med den komande presidenten, Juan Perón og vart ei av verdas mektigaste kvinner, og sett på som landet sin åndelege leiar. Ho var forakta av overklassen, men forguda av folket. Evita kjempa for kvinners stemmerett og for dei fattige, som såg henne som ein helgen allereie før ho døydde, berre 33 år gamal. Det brennande engasjementet ho synte, politiske metodar ho nytta og viljen til makt i kombinasjon med hennar skjønnheit har gjort ho til ei legende.

Musikalen er gjennomkomponert og inneheld kjende songar som mellom anna Don´t Cry for me Argentina, Another Suitcase in Another Hall, High Flying Adored, Buenos Aires og Oh What a Circus.

Bømlo Teater si framføring vert gjort på nynorsk. Som i tidligare musikalar vil det vera full orkesterbesetning. På scena vil det vera eit stort ensemble med ei blanding av profesjonelle og amatørar.

Me gler oss til ein ny storslått musikal og ynskjer hjarteleg velkommen til ei magisk oppleving!

Billettar: https://www.ticketmaster.no/search/?keyword=evita