Steinriket Bømlo - Ane Bysheim

Legg turen til Steinriket Bømlo!

Gjennom 10 000 år har det vore bergverksdrift på Bømlo. Sju ulike bergartar,    mineral og metall er utvunne her, frå steinalderen til moderne tid.

Historia og lokalitetane er no gjort tilgjengeleg gjennom utstillinga her i Moster Amfi, på nettsida www.steinriketbomlo.no og i turguiden. Utstillinga har universell tilkomst, medan andre lokalitetar krev båt eller alt frå 2 til 45 min. gange.

Bømlo er Norges største leverandør av steinmateriale gjennom tidene!
Her fann steinalderjegeren øksemateriale gjennom seks tusen år, her henta ein kleber til alle middelalderkyrkjene i Bergen og granitt til bergenske byggverk, trapper og brustein. Vakker marmor vart eksportert til fleire slott i København og gullet i kvartsgongane på Lykling la grunnlaget for eit gruveeventyr som snudde den vesle bygda på hovudet på slutten av 1800-talet. Bømlo er verkeleg steinrikt!

Me tilbyr aktivitetsdagar for grupper heile året.

  • Slip ditt eige steinsmykke!
  • Lag mat på steinaldervis!
  • Prøv bogeskyting!

Aktivitetane passar både for skuleklassar og firmaturar!

Kontakt oss for tilbod: Tlf. 53 42 66 20 / post@mosteramfi.no

For meir informasjon om «Steinriket Bømlo»: Steinriket Bømlo.