Mostraspelet 2016

Mostraspelet «Kristkongane på Moster» hadde premiere i 1984 og vart vist kvart år fram til 2013 og i 2015. I over 30 år samla altså aktørar og musikarar seg til historiske dagar i Moster Amfi for å framføra Johannes Heggland sitt sogespel.

I 2016 var det premiere på det nye mostraspelet «I slik ei natt» skrive av Svein Tindberg og me er dermed godt rusta fram mot nytt 1000-års jubilèum på Moster i 2024.

Dei to Mostraspela skildrar dramatiske brytingstider i Noregssoga, då Moster stod i sentrum for viktige historiske hendingar.

I nokre timar vert me dregne attende i tida, og blir vitne til korleis desse omveltingane i samfunnet også sette sine spor i einskildmennesket.

Vår eigen historie og kulturbakgrunn blir levandegjort gjennom dramatisert framsyning på historisk grunn og lokkar fram både smil og tårer.

Arrangør: Bømlo Teater