086_web

Visjonen om eit stort kyrkjejubileum på Moster vaks fram på slutten av 80-talet i miljøet rundt Bømloteateret, amatørteateret som i 1984 sette opp Mostraspelet «Kristkongane på Moster» for fyrste gong.

Bømlo kommunestyre vedtok i 1989 at det skulle arbeidast mot eit riksjubileum i 1995. Våren 1993 vart det oppretta ei stifting for å leia arbeidet med 1000-årsjubileet, og stiftinga tok navnet: «Kyrkja i Noreg 1000 år. Moster 995 – 1995″

Bispemøtet i Den norske kyrkja gjorde vedtak om at jubileet, med utgangspunkt i hendingane på Moster, skulle markerast som eit rikskyrkjeleg jubileum.

Hovudfeiringa fann stad på Moster nokre vakre sommardagar i juni 1995. 1000 år hadde gått sidan Olav Tryggvason kom seglande over havet og gjekk i land på Moster med biskop og prestefylgje. I pinsehelga 1995 kom det på nytt ein konge siglande og gjekk i land på Moster med stort fylgje.

For 1000 år sidan vart det, slik Snorre skriv, feira messe i telta på land. I 1995 vart det både messer, konsertar, folkeliv og folkefest på Moster.

Aldri før har det vore eit liknande kyrkjemøte i Norge, sannsynlegvis ikkje i heile Norden. Gjester frå inn- og utland tok del i festen, med det norske kongeparet, stortingspresident, statsminister, patriarken frå Konstantinopel, kardinalen frå Vatikanet, kyrkjeleiarar frå heile Norden og eit samla norsk bispekollegium i spissen.

Eit folkeleg engasjement og ei dugnadsånd frå alle medverkande saman med det fine været, gjorde dagane på Moster til ei eventyrleg oppleving for alle som var til stades.