Benker 15. april

Moster Amfi steig opp som ein Fugl Fønix frå det gamle kalkbruddet på Moster i 1984. Det blir i dag bl.a. omtala som Nord-Europas vakraste friluftscene og «Nordens Verona». Amfiet har 1050 nummererte sitjeplassar etter oppgradering av publikumstribunane i 2016.

Sogespelet «Kristkongane på Moster» vart skrive av Johannes Heggland og det var sjølvsagt at det måtte framførast på historisk grunn.

Bømloteateret med Ragnhild Randal i spissen hadde sett seg ut den nedlagde kalkgruva, og visste at dette måtte bli den historiske arenaen. Ideen vart sett ut i livet og kulturkreftene samarbeida.

I 1984 sto Moster Amfi ferdig og vart offisielt opna med urpremiere på Mostraspelet «Kristkongane på Moster». Sidan har det vore Bømlo si kulturelle storstove.