Moster Gamle Kyrkje - Finn Bakke

Kyrkja på Moster er blant dei eldste steinkyrkjene i landet. Den vart bygd som hovedkyrkje for Hordaland, og i den første kristningstida var dette ei av få kyrkjer i fylket. Byggjinga må ha teke til tidleg på 1100-talet.

Opplysningane i Snorre om at Olav Tryggvason hadde bygd ei kyrkje på Moster førte tidleg til at steinkyrkja vart omtala som Olav Tryggvason si kyrkje.

Moster kyrkje er ei av dei enklaste kyrkjebygningane i landet, med kvadratisk kor og rektangulært skip. Den einaste utvendige dekoren er klebersteinsokkelen.

Innvendig er veggene dekka av etter-reformatorisk dekor frå om lag 1620.

Det bevarte interiøret viser at kyrkja har gjennomgått ei stor omforming innvendig tidleg på 1600-talet. Det som gjer kyrkja på Moster så spesiell, er at det gamallutherske kyrkjerommet er så godt bevart.