minnestotter-web

Minnestøttene vart reist i 1979 og avduka av kong Olav V. Dei vart reist til minne om Olav Tryggvason, som held messe på Moster i 995, og Olav Haraldson som saman med bisp Grimkjell sette kristenretten på Mostratinget i 1024.

Relieffa er teikna av Johannes Mjeldheim og modellerte av Sverre Loge Pettersen. Det var soknepresten i Finnås, Harald Hope, som tok initiativet til å få støttene reist. Han deltok sjølv i uthogginga av granittblokkene som relieffa er plassert i.

Plasseringa nær kyrkja førte til sterk reaksjon frå Riksantikvaren, men støttene fekk likevel si plassering like innafor kyrkjeporten.