Kongesteinen - Jan M Lillebø / Bergens Tidende

Historia fortel at Olav Tryggvason stod på ein stor stein og tala til folket på Moster.

Mellom Moster gamle kyrkje og Moster Amfi ligg det ein stor stein som vert kalla Kongesteinen. Kanskje var det på den kongen stod og forkynte nyetrua for folket?

Det veit me ikkje, men me kan i dag trygt kalla den Kongesteinen då det er tre kongelege namn rissa inn i den.

Kong Olav V rissa namnetrekket sitt i steinen i 1979 då han avduka minnestøttene ved kyrkja. Då det nye kongeparet vitja Moster på signingsferda i 1991 rissa dei og namnetrekka sine i kongesteinen.