Toramostrastong - Finn Bakke

Tora Mostrastong statua vart avduka 12. september 2004 av skodespelar Agnete G. Haaland. Kunstnar: Arne Mæland, Os

Statua står her som ein hyllest til Tora Mostrastong og det ho har betydd i norsk historie, kvinna som fødde Håkon den Gode. Den er eit symbol på den sentrale rolla kvinner har spela i samfunnet gjennom tidene, men som har fått så altfor liten plass i historiebøkene.

Sidan 2009 har Toraseminaret med utdeling av Torastatuetten blitt arrangert på Bømlo og desse kvinnene har så langt motteke prisen: Hanne Sofie Greve, Kronprinsesse Mette Marit, Astrid Nøklebye Heiberg, Anne Randine Øverby, Sunniva Gylver, Ingvill Konradsen Ceide, Gerda Rongevær og Maria Parr.

Det er foreininga Tora Mostrastong som kvart år deler ut denne prisen til kvinner som representerer dei verdiane Tora Mostrastong stod for: mot, styrke, ivaretaking av menneskerettar, omsorg for trengjande, omsynet til kulturbering og samfunnsbygging.