Krossen på Vetahaugen - Jane Alfredsen

Moster Mållag tok initiativet til å reisa krossen på Vetahaugen til 900-års jubileet for innføringa av kristenretten i Norge.

Dette skulle vera ei storhending som måtte markerast med pomp og prakt. Kommunen valde difor fem mann til stemnestyre med sokneprest Landmark som formann og bankkasserar G.M. Gerhardsen til å styra finansane. Avdukinga vart sett til 29. juli 1924.

Ein ville freista å få kong Haakon til å kasta glans over stemnet. Biskop Hognestad sende difor brev til kongen og inviterte han til Moster, men tida gjekk utan at det kom svar. Gerhardsen sendte då brev til hr. statsråd Sanne i Christiania med oppmoding om «at ved anledning oppmuntre kongen om å ta turen til Moster.»

Det drygde ut før statsråden let høyra frå seg, men endeleg fekk Gerhardsen svar på brevet sitt. Der stod:

Jeg har talt med Kongen og bedt ham reise til Moster, men han kan intet sikkert svare, da det jo blir regjeringskrise i denne maaned. Faar han bare anledning, saa tror jeg at han gjerne vilde reise. Med venlig hilsen K. Sanne

Kong Haakon kom og det vart eit flott stemne og ei fin markering ved avdukinga av steinkrossen på Vetahaugen.