Friluftscena - Finn Bakke

I tillegg til Mostraspelet har det sidan 1984 vore arrangert ei rekkje konsertar med nasjonale og internasjonale artistar her. Sidan 1996 har musikalane Hair, Jesus Christ Superstar, Les Misèrables, Chess, Miss Saigon og West Side Story hatt stor suksess.

Profilerte artistar som Dollie De Luxe, Tanita Tikaram, Toralf Maurstad, Åge Aleksandersen, Rein Alexander, Heine Totland, Britt Synnøve Johannesen, Lisa Stokke, Herborg Kråkevik, Jan Eggum, VAMP, Vidar Johnsen, Rita Eriksen og mange, mange fleire har bergteke publikum gjennom åra og me gler oss til nye magiske øyeblikk i åra som kjem.