Heidendom - Finn Bakke

 

Under hovedfeiringa av 1000-årsjubileet i 1995 vart det nye senteret for religions- og kyrkjehistorie opna og det var dronning Sonja som sto for den høgtidelege opninga.

 

Senteret er det einaste i sitt slag i Norge og har to avdelingar:

  • ei permanent utstilling «Frå heidendom til kristendom»
  • eit biletspel «1000 år – Ei messe»

I utstillinga vandrar me 1000 år attende i Noregssoga, til siste del av vikingtida då det gamle verdsbilete vart utfordra og til sist overvunne av den nye livstolkinga som kristendomen førte med seg.

Besøkjande vert imponert over dei livaktige kulissane og den originale formidlinga av tidlegare tiders religionspraksis. Det er skapt eit spanande historisk rom med skulpturar, lys og lydar, symbol og vatn.

 

Utstillingsleiar og scenograf: Torunn Valderhaug

Manusforfattar og ansvarleg for det religionshistoriske innhaldet: Gro Steinsland

Dekoratørar: Dekorgruppe leia av Mike McGurk

Skulptørar: Regis Lebourg, Cyril Mouliniè, Francois-Pierre Deberre

Kostyme: Hilde Schanke Pedersen

Lyssetjing: Kurt Hermansen

Lyd: Jørgen Damskaug

Omvisingstider: Sjå Opningstider