Hove madonnaen

Biletspelet 1000 år – Ei messe er eit kyrkjehistorisk program som syner glimt frå gudstenestefeiringa i Norge gjennom 1000 år.

Spelet fylgjer to parallelle liner: Den historiske frå 995 til 1995, og den liturgiske frå inngang til utgang av høgmessa. Forteljinga har tatt form etter gudstenesta sin eigen dramaturgi.

Våre eldre kyrkjebygg inneheld tause spor av gamal gudstenestefeiring. Kulturarven har gøymd seg vekk i arkitektur, biletkunst og anna interiør. Biletspelet hentar fram desse bodbringarane frå historia, og lar dei tala til oss saman med musikk og sitat frå skrivne kjelder.

Messa er ikkje endra mykje gjennom dei tusen åra, men den kristne bodskapen, korleis vart den opplevd opp gjennom historia? Me veit ingen ting sikkert, men me kan undrast og spørja. Slik biletspelet gjer det frå ein plass på kyrkjebenken.

Produsentar: Svein-Erik Andersen og Eva Charlotte Nilsen.

Biletspelet vart digitalisert i 2013.