MS nordstjernen

Kystpilegrimsleia mellom Stavanger og Trondheim vart offisielt opna med ein flott lanseringsseilas med MS Nordstjernen 23. – 28. juli 2014.

Moster er ein av stoppestadane i Kystpilegrimsleia og det var på lanserings-seilasen offisiell markering med signering av avtale og omvising for 60 gjester ved anløpet her 23. juli.

Motiva for pilegrimsferd har endra seg frå mellomalderen til i dag, og det å bli frisk frå sjukdom og botshandlingar er ikkje lenger sentrale motiv. Dagens pilegrimsreiser er meir eit uttrykk for ein åndeleg søken, der målet ofte er sjølvutvikling. Dagens pilegrimar reiser gjerne for å kunne søkje andre verdiar og auka livskvaliteten. Dette gjeld både i åndeleg-, sosial- og kulturell samanheng. Pilegrimsreiser kan slik gi den reisande nye impulsar og opplevingar.

Om du er pilegrim til fots, på sykkel, i buss, bil eller båt, er du velkommen til omvising i Moster gamle kyrkje, utstillinga «Frå heidendom til kristendom» og «Steinriket Bømlo». Stempel i pilegrimspasset får du sjølvsagt og.