Håkon den gode

Namn: Håkon Haraldson Adalsteinsfostre

Regjeringstid: ca. 933 – ca. 961

Født: ca. 918 – Håkonshella

Død: 961 – Slaget ved Fitjar

Foreldre: Harald Hårfagre og Tora Mostrastong

Barn: Tora Håkonsdatter

Statue av Håkon den gode på Fitjar

Håkon den gode er kjent som den første kongen som prøvde å innføra kristendommen i Norge,   men misjonen hans vart ikkje godt motteken. Kyrkjene han bygde vart brende og prestane han tilsette vart drepne.

Tilnamnet den gode fekk Håkon fordi han var den første av rikskongane som tala bøndene si sak. I samarbeid med bøndene grunnla han «leidangen», ein effektiv forsvarsorganisasjon basert på verneplikt.

Håkon er og kjent for omorganisering av dei to store bondetinga på Vestlandet og i Trøndelag, Gulating og Frostating.

Håkon den gode fekk banesår i kamp på Fitjar i 961 og døydde på Hella, same staden som han vart fødd. Han vart gravlagd på Seim i Nordhordland.

 

Olav Tryggvason

Namn: Olav Tryggvason

Regjeringstid: 995 – 1000

Født: 968

Død: 1000 – Slaget ved Svolder

Foreldre: Tryggve Olavsson og Astrid Eiriksdatter

Barn: Tryggve Olavsson d.y. Døde som barn

Brynjar Stautland i rolla som Olav Tryggvason

«No segla Olav austover havet, og kom seglande av hav ytterst på Moster. Der gjekk han fyrst i land i Noreg, og der let han syngje messe i telta på land. Sidan vart det bygd ei kyrkje på same staden.» (SNORRE)

I følgje Snorre var altså Moster den fyrste staden Olav Tryggvasson gjorde strandhogg då han i 995 kom heim for å ta kongsmakta og kristna landet.

Olav vaks opp i Russland og drog ganske ung på vikingtokt og tok del i mange kampar i østersjølanda, England, Skottland og Irland. På reisene sine vart han kjent med kristendommen og vart døypt i England i 995.

Det er først og fremst kristningsverket som vert knytt til hans regjeringstid, sjølv om ikkje kristninga vart sluttført i hans tid. Olav var kjent som ein streng og hardhendt konge. Den som ikkje ville la seg døypa og omvenda seg til den nye trua, fekk smaka kongens sverd.

Olav Tryggvasson falt i slaget ved Svolder i år 1000.

 

 

 

Olav Haraldsson

Namn: Olav Haraldsson (Den Heilage)

Regjeringstid: 1015-1028

Født: 995

Død: 29. juli 1030 – Slaget på Stiklestad

Foreldre: Harald Grenske og Åsta Gulbrandsdatter

Barn: Ulvhild (1020-1071) Magnus (1024-1047)

Torleif stokke i rolla som Olav Haraldson

Olav vaks opp på Ringerike hos stefaren Sigurd Syr. 12 år gammal drog han i viking, vart døypt i Rouen ca. 1013 og vende heim til Norge i 1015.

1 1016 sigra Olav i sjøslaget ved Nesjar over dei fremste motstandarane sine, Einar Tambarskjelve, Erling Skjalgsson og Svein Håkonson jarl. Olav hadde no herredøme over eit rike som strakte seg frå Gøta elv i sør til Finnmark i nord, frå Vesterhavsøyane i vest til skogane mot Svearike i aust.

Olav bygde opp ein kyrkjeleg organisasjon og ei lovgjeving bygd på eit kristent verdi- og menneskesyn. Dei fyrste lovene vart vedtekne på Mostratinget i 1024.

Han for hardt fram mot motstandarane sine og skaffa seg mange fiendar. Olav vart forfulgt og flykta til Gardariket. Knut den mektige sette Håkon Eriksson jarl til riksstyrar i Norge, men Håkon drukna og Olav vendte tilbake. På Stiklestad møtte han ein bondehær leia av stormenn som Kalv Arnesson, Hårek av Tjøtta og Tore Hund. Olav falt i dette slaget 29. juli i 1030.

Alt året etter vart lekamen hans tatt opp, erklært heilag av kyrkja og lagt i skrin på høgalteret i Klemenskyrkja i Nidaros.